Gullsmedbutikk til salgs

I hjertet av Sunnmøre, midt mellom Geiranger og Ålesund finn du Sykkylven og Asbjørn Loland as. Butikken vart etablert i 1954 og har sterke røtter i lokalsamfunnet. Gode lokaler i sentrum av Sykkylven på 180m2 inneheld ein gullsmedbutikk med ur og gåveartikler. For tida blir det meste av reparasjoner utført på eksterne verksted, men her er god plass til verksted for gullsmed og urmaker om det skulle vere ynskjeleg. Ein god del verktøy følger også med.

Den nye eigaren får overta ein butikk med stabile, positive resultat og gode avtaler med leverandører. Aksjeselskapet selges med varelager og du kan åpne for dagen og fortsette der vi er no.

Dagens driver har vore tilsatt i over 40 år og vil no gi seg av helsemessige årsaker. Vi vil gjerne gi stafettpinnen videre.

Møbelbygda Sykkylven er ein god plass å bu og industrien med Ekornes i spissen har gode tider.

Her bur ca 7500 trivelege sykkylvingar. Vi har også mange kundar frå nabobygda Stranda.

Aure som kommunesenteret heiter er koseleg og kompakt og ligg i sjøkanten, omkransa av Sunnmørsalpane. Her finn du det meste du treng. Vi kan også by på unike naturopplevingar både sommar og vinter.

Slagordet for Sykkylven; venleg, vill og vakker seier det meste.

Ålesund Lufthamn er ca 1 time unna.

Meir info om butikken? Kontakt Peggy Emdal på mail: peggy@loland.no eller tlf: 92060590

www.sykkylven.com

www.sunnmorsalpane.no

www.strandafjellet.no

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *